Vegen til det døde paradiset står for noko heilt nytt i Hauges produksjon og i nyare norsk romanlitteratur i det heile teke. Det er ei legende, ein visjon, ei draumeliknande fantastisk forteljing om hendingar langt utanfor det realistiske planet. Innan verdslitteraturen har boka ein klar parallell i John Bunyans A Pilgrim's Progress. Og elles har Hauges roman stemningar vi kjenner att frå skildringa av Olav Åsteson i . Med humoren sin kan boka iblant minne om - Eyvind Johnsons gjendikting av . Men romanen er frå først til sist eit originalt, nyskapt verk.